Vinnar av publikumsfavoritten 2023

Alle som kommer på festivalen får ein stemmeseddel dei kan bruke til å stemme på eit øl. Dommarane tel opp stemmer og kårar ein vinnar.

Sigeren i år gjekk til Olav Sverre Gausemel med ukokt tradisjonelt konnjøl gjæra med Gausemel kveik. Sigeren var overlegen med 18 stemmer. Dette er 3. året Olav Sverre stikk av med publikumsfavoritten!

Olav Sverre Gausemel. Vinnar av publikumsfavoritten. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Premien for publikumsfavoritten var to cornelius fat sponsa av Jernia Ørsta, fribilett til Ørsta Volda Bryggarlag sitt bryggarmeisterskap og eit utvalg malt frå Natrud.

Kampen om 2. og 3. plassen til publikumsfavoritten var i år veldig tett. Legg her ved ei lista over dei øl som fekk 5 stemmer eller meir:

  • Nr. 44 Håkon og Martin Seljeset. Konnjøl. 10 stemmer
  • Nr. 29 Craft of Thor. Kok. 10 stemmer
  • Nr. 58 Arvid Raftevold. Konnøl. 10 stemmer
  • Nr. 10 Otterdal Bryggeri. Otterdal tradisjon. 9 stemmer
  • Nr. 17 Arvid Solheim. Lærd-øl. 8 stemmer
  • Nr. 42 Gunnar Skare. Godøl. 6 stemmer
  • Nr. 9 Geir Skansen Kleppe. Styrkarson. 5 stemmer
  • Nr. 3 Idar Nygård. Konnjøl. 5 stemmer
  • Nr. 14 Idar Nygård. Konnjøl – oppskåk. 5 stemmer
  • Nr. 25 Mads Leonard Holvik. Løkja-John. 5 stemmer
  • Nr. 34 Tjønes Bryggelaug. Bukk. 5 stemmer