Oppskåke

Fredag 1. Oktober kl 19.00-23.00

I år vil Kornølfestivalen ha eit ekstra arrangement for dei som har lyst å få med seg ei Oppskåke på tradisjonelt vis! Før i tida inviterte dei vener og naboar når ølet var ferdig fermentert, heldigvis så har denne gamle tradisjonen overlevd fram til i dag, og Kornølfestivalen har no gleda av å invitere deg til å få delta på denne tradisjonen. I tillegg til å smake på ferskt kornøl, så vil vi også servere spekemat attåt. Vèrt for oppskåka er tradisjonsbryggar Stig Seljeset frå Hornindal.

For å sette ein spiss på oppskåka vil vi også ha tradisjonsmusikk framført av Bitt Pernille Frøholm, som vil presentere musikk med lokal forankring. Britt Pernille Frøholm er ein allsidig felespelar frå Hornindal og har dei siste 15 åra blitt ein svært anerkjent musikar og pådrivar for internasjonale musikalske samarbeid i mange format og former. Ho har med sine mange kritikarroste album innan fleire sjangrar turnert store delar av verda, vunne prisar og stipend både lokalt og nasjonalt for sitt kunstnarskap. Ho fekk tidleg kjennskap til den lokale slåttemusikken i heimbygda gjennom m.a. bestefaren Matias Frøholm, og fekk seinare gå i lære hos andre spelemenn som Arne M.Sølvberg og Finn Vabø. Frøholm har gitt ut ei rekkje plater og er aktiv i gruppene Kviven duo, MAAR, Boreas, og Friensemblet samt fleire ulike soloprosjekt. I 2021 vart ho nominert til Spellemannsprisen for soloplata «Fokhaugen», ei innspeling med folkemusikk frå Hornindal og Sunnylven. Ho vart i 2015 tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend og har hatt Statens Kunstnarstipend for 2016-18.

Oppskåka vil bli i autentiske omgjevnader på Gausemel i Hornindal, i ei tømmerstove frå ca 1800. Det blir satt opp transport frå Hotellet. Billettar er tilgjengeleg på Tikkio. Lenke: https://tikkio.com/tickets/23286-norsk-kornolfestival-2021 . Billetten heiter “ekstra oppskåke, og ligg nederst.

NB: Kun 10 stk billettar blir lagt ut.